Brukervurdering: 0 / 5

Stjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktiv
 

Frå og med no, kan Leiren Studio tilby nye tenester, også for å utvide horisonten litt....

 

Kanskje du går med ein draum om å spele inn CD med dine favorittlåtar? Hjå Leiren Studio er det muleg. I Studioet har eg tilgang til fleire tusen songar, der songane kan tilpassast både med tone og tempo.

Spel inn CD med dine favorittartistar

Du kan synge inn songar med dine favorittsongar. I backingmusikken eller "kompet" blir vokalen fjerna eller ein kan ha med kor, slik at du får ein følelse av å vera stjerne for ein dag og spele inn CD med dine favorittsongar. 

Slik gjer du det

Send meg ei melding via Kontaktskjemaet HER og send meg ei liste på den eller dei låtane du ønskjer å spele inn. Eg sender deg melding eller mail tilbake med bekreftelse på låtvalget. Så avtalar vi deretter tid i Leiren Studio. Ikkje nøl med å ta kontakt på telefon for å slå av ein hyggjeleg prat og høyre med meg om eg har tilgang til dei songane som du ønskjer å spele inn.

CD med bilde

Ønskjer du CD-plate med inlay-cover, bilde, tekst osv., så kan eg lage det til også.Perfekt julegåve for den som ønskjer å synge. De kan også kjøpe et "gåvekort", om de har familiemedlem eller ein venn som de ønskjer å spandere Studiotime for.

Pris

Prisen for innspeling av CD er kr. 750,- Det er pris for 1 song, og inkluderar 1 time i studioet, etterarbeid på låta, samt evt.CD-cover og tekst. Ta kontakt for pris på meir enn innspeling av 1 song

 

Leiren Studio tek imot utdrikningslag...

 

-Kvifor ikkje leggje turen innom Leiren Studio på Leikanger med dykkar utdrikningslag...?? Kanskje du har lyst å overraska din tilkomne med ein song som er dykkar eigen favorittsong, eller at brudgommen eller brura ønskjer å spele inn ein song i staden for den tradisjonelle talen,eller at heile utdrikningslaget ønskjer å synge inn ein song i saman, for å spele det av på bryllupskvelden? Mulegheitane er mange. I tillegg kan eg bistå med å spele inn ein film frå denne begivenheita, som de då evt. kan ta med dykk på ein minnepenn og få spelt av under bryllupet på projectorskjerm...

Innspeling av songane

Det som må gjerast i forkant av innspelinga er:

1) Ta kontakt med meg.

2) Eg bookar utdrikningslaget inn for avtale.

3) De sender meg ei liste på låtforslag på 5-6 songar i forkant av timen.

Me avtalar også om det er spesielle hensyn som må takast eller spesielle påfunn til den som skal drikkast ut...

CD og DVD inkludert

Etter studiosekvensen, tek me bilder av heile utdrikningslaget som blir bearbeida og blir lagt til Coveret med prdd design.De får med dykk ein grovmiksa CD-plate og ein DVD når de reiser herifrå. Ferdigmiksa CD av utdrikningslaget blir sent med Posten i veka etterpå.

"Utdrikningspakken"

  • 1 song valgt ut frå det store registeret av låtar.
  • DVD-film
  • 1 CD som de får med dykk om kvelden.
  • 2 CD'ar m/ bilde av deltakarane(sendast veka etter)
  • Ekstra CD: kr. 50,-

Følg med oss på

Powered by CoalaWeb