Brukervurdering: 0 / 5

Stjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktiv
 

Leiren Studio tek i mot utdrikningslag....

 

-Kvifor ikkje leggje turen innom Leiren Studio på Leikanger med dykkar utdrikningslag...?? Kanskje du har lyst å overraska din tilkomne med ein song som er dykkar eigen favorittsong, eller at brudgommen eller brura ønskjer å spele inn ein song i staden for den tradisjonelle talen,eller at heile utdrikningslaget ønskjer å synge inn ein song i saman, for å spele det av på bryllupskvelden? Mulegheitane er mange. I tillegg kan eg bistå med å spele inn ein film frå denne begivenheita, som de då evt. kan ta med dykk på ein minnepenn og få spelt av under bryllupet på projectorskjerm...

Innspeling av songane

Det som må gjerast i forkant av innspelinga er:

1) Ta kontakt med meg.

2) Eg bookar utdrikningslaget inn for avtale.

3) De sender meg ei liste på låtforslag på 5-6 songar i forkant av timen.

Me avtalar også om det er spesielle hensyn som må takast eller spesielle påfunn til den som skal drikkast ut...

CD og DVD inkludert

Etter studiosekvensen, tek me bilder av heile utdrikningslaget som blir bearbeida og blir lagt til Coveret med prdd design.De får med dykk ein grovmiksa CD-plate og ein DVD når de reiser herifrå. Ferdigmiksa CD av utdrikningslaget blir sent med Posten i veka etterpå.

"Utdrikningspakken"

  • 1 song valgt ut frå det store registeret av låtar.
  • DVD-film
  • 1 CD som de får med dykk om kvelden.
  • 2 CD'ar m/ bilde av deltakarane(sendast veka etter)
  • Ekstra CD: kr. 50,-

Følg med oss på

Powered by CoalaWeb